Hopp til hovedinnhold

BankID endeleg på nynorsk

I 20 år har BankID vore tilgjengeleg på bokmål og engelsk. No er nynorsk eit alternativ for dei som ønskjer det.

BankID er no på nynorsk

(28.11.2023) BankID er endeleg tilgjengeleg på nynorsk etter ein god laginnsats frå BankID-teamet.

Ida Håvik, leiar for Marked og Kommunikasjon i BankID BankAxept, er svært nøgd:

– Det var ei glede at BankID endeleg kom på nynorsk. Eg håpar alle er nøgde med omsetjinga og kjenner at innlogginga no vert nærare og meir hyggeleg for alle oss som elskar denne målforma vi er fødde inn i, seier ho.

Synleg teneste

Språkrådet jubla over nyheita:

– BankID er ei sentral og synleg teneste i den moderne kvardagen. Tenesta er mykje brukt av innbyggarane, og difor er det viktig og gledeleg at vi får ho på nynorsk, seier Margrethe Kvarenes, avdelingsdirektør for språk og skule og offentleg forvaltning i Språkrådet.

Digitaliseringsdirektoratet, som er ansvarleg for fellesløysningane i det offentlege, tykkjer endringa er viktig:

- Vi i Digitaliseringsdirektoratet er glade for at BankID no oppfyller intensjonen i Språklova om at bokmål og nynorsk skal vere likeverdige og jamnstilte skriftspråk som skal kunne brukast i alle delar av samfunnet. Det er viktig at brukarane no kan velje det skriftspråket dei ønskjer i ei så viktig teneste som BankID, seier Nina Olsen Munthe, avdelingsleiar for fellesløysingar og ansvarleg for ID-porten.

Nynorsk og klarspråk

Omsetjinga til nynorsk er berre ei av forbetringane innan brukaroppleving og språk som er gjort i BankID.

– Med fleire ressursar retta mot brukaroppleving, tenestedesign og klarspråk, har vi fått ei mykje betre teneste. Feilmeldingane i BankID er mellom anna forbetra. Det er framleis mogleg å gjere meir, men vi er på veg, seier Ida Håvik.

Omkring 10-15 prosent i Noreg har nynorsk som skriftmål og dei fleste er frå fylka Hordaland, Sogn og Fjordane og Møre og Romsdal.

Dersom ein ønskjer å få BankID på nynorsk, må ein gå inn i innstillingane på telefonen eller PC-en og setje språket til nynorsk. For å feire at BankID er tilgjengeleg på nynorsk, vil heile Noreg få kodeorda på nynorsk i BankID-appen ei periode framover.

Slik endrer du språkinnstillingar på telefon
iPhone:
På ein iPhone kan du endra språkinnstillingar slik:

Opne "Innstillingar" på iPhone-en din.
Bla nedover og trykk på "Generelt".
Deretter trykk på "Språk og region".
Vel "iPhone-språk" og vel ønska språk, nynorsk.

Android:
Opne "Innstillingar" på enheten din.
Finn og trykk på "System" eller "Generelt".
Sjå etter "Språk og inndata" eller "Språk og region".
Vel "Språk" og legg til nynorsk frå lista over tilgjengelege språk.

Dette kan variere litt avhengig av Android-versjonen og produsenten av enininga, men generelt sett bør du finne språkinnstillingane under liknande kategoriar i innstillingane.

På nyare Android operativsystem (13 og nyare) kan du òg velje målform for kvar app i appens innstillingar.

Slik endrer du språkinnstillingar på ein PC

Windows 10:
Gå til "Innstillingar" ved å klikka på Start-knappen og deretter på "Innstillingar" (ei tannhjulikon).
Vel "Tid og språk".
Under "Region og språk" kan du leggja til nynorsk eller endra språkinnstillingar.
For å endra språkinnstillingar på ein Mac:

MacOS:
Gå til "Systemval" frå Apple-menyen.
Vel "Språk og region".
Klikk på plussknappen (+) nedst i venstre hjørne for å leggja til nytt språk. Vel deretter nynorsk frå lista over tilgjengelege språk.
Merk: For begge operativsystema vil endringa av språkinnstillingar føra til at grensesnittet og nokre systemtekstar viser seg på det valde språket.